Informasjon om flyktningar til institusjonar

Krigen i Ukraina har ført til den største flyktningkrisa i Europa sidan andre verdskrigen og svært mange personar frå Ukraina er venta å komme til Noreg.  

Mange er allereie komne og har fått innvilga søknad om kollektivt vern i ein massefluktsituasjon, jf. utlendingslova § 34. Tilgang til høgare utdanning vil vere viktig for at desse skal lukkast med å komme ut i arbeid eller halde fram utdanninga si. Likeins kan tilgang til høgare utdanning vere ein nøkkel til tidleg integrering og økonomisk sjølvstende for flyktningar som har fått innvilga individuelt asyl etter §28 i utlendingslova.

Auka kapasitet i høgare utdanning

Med bakgrunn i dette har regjeringa løyva totalt 47,8 millionar til statlege og private universitet og høgskolar for at dei skal kunne gi flyktningar som kjem til Noreg ein sjanse til å starte eller halde fram i høgare utdanning. Midlane skal gi institusjonane auka utdanningskapasitet og fleksibilitet til å tilpasse nødvendige studietilbod etter faktiske behov og etterspurnad blant flyktningane.

Målgruppe

Målgruppa er alle som har fått innvilga opphald etter kap. 4 § 34 (kollektivt vern) og § 28 (individuelt asyl) i utlendingslova. Søkjarar til studieplassar for flyktningar må vere registrert i Noreg og ha fått innvilga opphald på søknadstidspunktet, men dei må ikkje nødvendigvis vere busett. Det skal ikkje skiljast på nasjonalitet.

Lenker

05.03.2022: Informasjon om konsekvenser av krigen i Ukraina for høyere utdannings- og forskningssektoren (pdf)

05.04.2022: Informasjon om økt studiekapasitet i universitets- og høyskolesektoren som følge av krigen i Ukraina (pdf)

 30.05.2022: Supplerende tildelings- og tilskuddsbrev til universiteter og høyskoler som følgje av krigen i Ukraina (pdf)